posted on juli 6th 2017 in General with 0 Comments /

STQ AS trer inn som medeigar i Fosnavaag Ocean Academy AS (FOSAC) i lag med Olympic Shipping, Havila Shipping, Sølvtrans og Remøy Shipping.

-«STQ bidreg til ytterlegare styrking av samarbeidet i Fosnavåg-regionen og på ytre søre sunnmøre», seier dagleg leiar Håvard Stave frå FOSAC.

For dei maritime aktørane er bruk av løfteutstyr som offshorekraner og dekkskraner kritiske funksjonar for sikkerheit og operasjonell gjennomføringsevne. I tillegg til STQ sine etablerte tilbod om regelstyrte kurs og sertifikattrening vil kompetanse og erfaringar tilgjengeleg gjennom STQ gje FOSAC sterkare kapasitet til å utvikle og tilby integrert og relevant operasjonstrening. I Fosnavåg vil dei gjennomføre virtuell prototyping, verifikasjonsprøving av planlagde prosjekter samt optimere operasjonsprosedyrar i simulatormiljøet. Løfte- og krankompetanse kombinert med operasjonell erfaring hjå mannskapa kan nyttast til prosjektbistand innan metodeavklaring, konseptutvikling, og designverifikasjon. Nye veksande bransjar, blant anna offshore vindkraft, havbruksnæringa og fiskeflåten, vil finne gode forbetringar gjennom styrka samarbeid mellom ulike aktørar, inkludert leverandørindustrien. FOSAC samarbeider allereie med Herøy Vidaregåande Skule, slik at HVS kan få anvende løysingar på FOSAC til det skulen meinar er relevant og nyttig for sine elevar i dei ulike studieretningane i Fosnavåg. Slik at elevane vert best mogleg forberedt før dei tiltrer framtidig jobb om bord.

– «Vi vil samarbeide tett for å tilby kompakt og komplett relevant maritim trening, kurs og vidareutdanning i Fosnavåg», avsluttar dagleg leiar Aleksander Leine frå STQ.

 

about the author: Håvard Stave